Ny blogg!!

Sidan det vart så mykje rot og tull på denne bloggen min fann eg ut at eg like godt kunne lage meg ein ny...starta med blanke ark liksom ;o)  Velkommen inn til meg i minn nye blogg: http://hobbyhuset.blogspot.com





ein liten leksjon om ein blom og ein diktar;o)

94292-7

I går etterlyste eg navnet på denne søte blomen som nå står og blømer for fullt i hagen min. Eg fekk raskt svar frå den gode feen om at ho trudde den heiter ruteliljer. Eg googla opp navnet og jaggu stemte det :o) det latinske navnet er Fritillaria meleagris, for dei som er interessert i det..
 på den sida som kom opp stod det faktisk ein heil del om H.C Andersen og hans lidenskap for blomar og blomebinding. Han plukka og bandt blomar så ofte han kunne i tillegg til diktinga, noko som ikkje eg var klar over!  Han reiste rundt på herregårdane i Danmark og pynta med svære og flotte dekorasjonar som han hadde laga sjølv. Eric Buch, som pynta til kronprinsbryllupet for nokre år sidan, er svært inspirert av H.C Andersen si blomsterinteresse og mykje av det han lagar tek utgongspunkt i dekorasjonar som Andersen har laga.
Buch held nå på å skrive bok om H.C Andersen og hans interesse for blomar og blomebinding. Den inneheld bl.a mange bilder..
Ynskjer deg som er innom ei flott helg :o)


oops..! kjempetabbe!!!

Har fått ein del kommentarar på at bildene i bloggen min bare vises som små raude kryss, og det ser eg jo sjølv og når eg blar nedover.. Eg har altså gjort ein kjempetabbe!!! I går trudde eg at eg var lur då eg sletta alle bildene i arkivet...resultatet vart at eg har ein heil haug med innlegg utan eit einaste bilde...   :o(  Dei er vel forsvunne for godt no då..så eg kan liksom bare sletta alle innlegga og starte på nytt... Grusomt  kjedelig!!

Vår er hagetid!!

Våren er ei årstid der eg brukar mange timar ute i hagen! Tomta vår er på ca 2 mål og då seier det seg sjølv at det er mykje som må vedlikehaldast og ryddast i.
I føremiddag har eg vore ute og tutla litt i hagen der eg bl.a har klypt ned rosetrea og planta litt i potter som står utanfor inngangsdøra. Eg har og gjort klart minidrivhuset som Maren skal få planta paprikafrø i når ho kjem heim frå skulen i dag. For nokre dagar sidan plukka ho utav frøa i ein paprika vi hadde i kjøleskapet og la dei til tørk, og i dag skal dei altså plantast!! Me håpar altså på eigenprodusert paprika om ei stund ;o)
Eg knipsa ein del bilder i hagen som eg gjerne vil dela med deg..veit at det er nokre av lesarane mine som framleis har MASSE snø i hagen så imens du ventar på vår kan du jo kikka på mine blomar ;o)
94292-6
Vårlyngen byrjar å bli rosa!
94292-3
Blålilla sviblar som eg hadde inne tidlegare kjem opp vår etter vår
94292-5
peonene er komne godt opp av jorda og blømer om 1-2 månader. Det vert mørkerosa blomar på denne
94292-2
tulipanar som snart blømer ;o) uvanleg at desse får stå i fred for rådyra pleier å eta dei opp..
94292-188
Desse søte små klokkene blømer allerede i mars, men eg veit ikkje kva dei heiter..nokon som kan hjelpa?

Advent

94292-109
Mmmm...herlig! Nå luktar det grønnsåpe i huset, det er ryddig og reint. Vi har fått hengt opp adventsstjerna i vinduet og pynta litt sidan det er 1. adventshelga nå. Jammen kan eg kjenne at julestemninga begynt  komme ! Vil med dette ynskje alle ei herlig adventshelg!!!

Om meg

Mitt profilbilde

Nick: Merete

Fra: Kvinnherad

Kjønn: Jente

Født: 1973

Mer...