Vår er hagetid!!

Våren er ei årstid der eg brukar mange timar ute i hagen! Tomta vår er på ca 2 mål og då seier det seg sjølv at det er mykje som må vedlikehaldast og ryddast i.
I føremiddag har eg vore ute og tutla litt i hagen der eg bl.a har klypt ned rosetrea og planta litt i potter som står utanfor inngangsdøra. Eg har og gjort klart minidrivhuset som Maren skal få planta paprikafrø i når ho kjem heim frå skulen i dag. For nokre dagar sidan plukka ho utav frøa i ein paprika vi hadde i kjøleskapet og la dei til tørk, og i dag skal dei altså plantast!! Me håpar altså på eigenprodusert paprika om ei stund ;o)
Eg knipsa ein del bilder i hagen som eg gjerne vil dela med deg..veit at det er nokre av lesarane mine som framleis har MASSE snø i hagen så imens du ventar på vår kan du jo kikka på mine blomar ;o)
94292-6
Vårlyngen byrjar å bli rosa!
94292-3
Blålilla sviblar som eg hadde inne tidlegare kjem opp vår etter vår
94292-5
peonene er komne godt opp av jorda og blømer om 1-2 månader. Det vert mørkerosa blomar på denne
94292-2
tulipanar som snart blømer ;o) uvanleg at desse får stå i fred for rådyra pleier å eta dei opp..
94292-188
Desse søte små klokkene blømer allerede i mars, men eg veit ikkje kva dei heiter..nokon som kan hjelpa?