Ny blogg!!
Sidan det vart så mykje rot og tull på denne bloggen min fann eg ut at eg like godt kunne lage meg ein ny...starta med blanke ark liksom ;o) Velkommen inn til meg i minn nye blogg: http://hobbyhuset.blogspot.com
ein liten leksjon om ein blom og ein diktar;o)
I går etterlyste eg navnet på denne søte blomen som nå står og blømer for fullt i hagen min. Eg fekk raskt svar frå den gode feen om at ho trudde den heiter ruteliljer. Eg googla opp navnet og jaggu stemte det :o) det latinske navnet er Fritillaria meleagris, for dei som er interessert i det..
på den sida som kom opp stod det faktisk ein heil del om H.C Andersen og hans lidenskap for blomar og blomebinding. Han plukka og bandt blomar så ofte han kunne i tillegg til diktinga, noko som ikkje eg var klar over! Han reiste rundt på herregårdane i Danmark og pynta med svære og flotte dekorasjonar som han hadde laga sjølv. Eric Buch, som pynta til kronprinsbryllupet for nokre år sidan, er svært inspirert av H.C Andersen si blomsterinteresse og mykje av det han lagar tek utgongspunkt i dekorasjonar som Andersen har laga.
Buch held nå på å skrive bok om H.C Andersen og hans interesse for blomar og blomebinding. Den inneheld bl.a mange bilder..
Ynskjer deg som er innom ei flott helg :o)
oops..! kjempetabbe!!!
Vår er hagetid!!
I føremiddag har eg vore ute og tutla litt i hagen der eg bl.a har klypt ned rosetrea og planta litt i potter som står utanfor inngangsdøra. Eg har og gjort klart minidrivhuset som Maren skal få planta paprikafrø i når ho kjem heim frå skulen i dag. For nokre dagar sidan plukka ho utav frøa i ein paprika vi hadde i kjøleskapet og la dei til tørk, og i dag skal dei altså plantast!! Me håpar altså på eigenprodusert paprika om ei stund ;o)
Eg knipsa ein del bilder i hagen som eg gjerne vil dela med deg..veit at det er nokre av lesarane mine som framleis har MASSE snø i hagen så imens du ventar på vår kan du jo kikka på mine blomar ;o)

Vårlyngen byrjar å bli rosa!

Blålilla sviblar som eg hadde inne tidlegare kjem opp vår etter vår

peonene er komne godt opp av jorda og blømer om 1-2 månader. Det vert mørkerosa blomar på denne

tulipanar som snart blømer ;o) uvanleg at desse får stå i fred for rådyra pleier å eta dei opp..

Desse søte små klokkene blømer allerede i mars, men eg veit ikkje kva dei heiter..nokon som kan hjelpa?